onsdag 11. november 2015

Heilt helt?


Skriv eit blogginnlegg der du prøver å definere kva ein helt er, fortel om kva du meiner er heltemodig, kven samfunnet ser på som heltar i dag eller gjennom historia og fortel litt om kven du ser på som ein helt.

Du kan til dømes bruke dette som disposisjon:

Passande overskrift
Definisjon
Heltemodig?
Heltar i samfunnet i dag/opp gjennom historia
Min helt
Konklusjon/ Avrunding

Bilde:Øystein Runde, for Utdanningsdirektoratet, 2013


Bildelink




onsdag 28. oktober 2015

Rus og psykisk helse

Dei neste vekene skal me ha eit prosjekt som handlar om "Rus og psykisk helse". Det er tverrfagleg, så de kjem til å ha om dette både i samfunnsfag, naturfag og KRLE. I norsk vil de få tid til å arbeide med informasjonen de får i dei andre faga, og skrive dette i innlegg på bloggen dykkar. Nokon av innlegga kjem til å vere faktatekstar, andre refleksjonstekstar. Nokre innlegg blir lange, andre kortare.

I innlegga bør de ha fokus på å skrive presist, bruke riktig teiknsetting og har god rettskriving. Lær dykk å bruke bokmålsordboka/nynorskordboka. Det er også viktig at de har med kjelder. De kjem til å få karakter på dette prosjektet, basert på innlegga de har skrive.

Innlegga skal vere på hovudmålet dykkar.